Liv på Nes

VELKOMMEN TIL KONFERANSE PÅ NESFLATEN 5. APRIL 2019 OM

Kunst, arkitektur og stadutvikling

 
nesflaten oben.jpg

Kunst og arkitektur som økonomisk katalysator for stadutvikling

Foreininga LIV på NES i samarbeid med Suldal kommune, Rogaland Kunstsenter, Suldal Vekst og Foundation de France inviterar til konferanse om temaet kunst, arkitektur og stadutvikling.

  • Kva type tiltak kan ei bygd nytta i møte med pendelen fråflytting og turistinnrykk?

  • Kva er eit godt liv på bygda og korleis skal ein leggja til rette for det? 

  • Korleis skal ein tenkja fleirbruksbygg i framtida på mindre stader der det er få møteplassar? 

  • Korleis kan kunstprosjekt vera ein katalysator for stadutvikling? 

 

Scroll vidare for meir informasjon

 
 

Innhald

Kunstnaren Jeppe Hein deltar og presenterer sine prosessar kring kunst i det offentlege rom, mellom anna arbeidet med verket «Views» som han har laga spesifikt for Nesflaten. Jeppe Hein har samarbeidd med Snøhetta i høve til dei arkitektoniske komponentane ved prosjektet. Representantar frå Snøhetta bidrar i konferansen med erfaringar med og betydninga av å setja fellesskapet i sentrum i arkitektur og stadutvikling, og etterpå presenterer dei sine bidrag i prosjektet «Views».

Konferansen vil elles presentera New Patrons-metoden, som er metodikken prosjektet på Nesflaten arbeidar ut frå, og ulike prosjekt realisert gjennom denne. Representantar frå New Patrons-organisasjonen i Frankrike vil delta, samt Amanda Crabtree frå ArtConnexion.

Det vil bli innlegg frå kunst, kultur og turismefeltet med tema kunstprosjekt som stadutvikling og kunst og kultur som sentrale satsingsområde for utviklinga av framtidsretta turisme i Noreg.

 
 

Scroll vidare for meir informasjon

fontene.jpg
 
tak 3.jpg
 
fontene2.jpg

Bakgrunn for prosjektet

Sidan 2012 har den vesle bygda Nesflaten i Suldal kommune i Rogaland arbeidd for å få realisert eit kunstprosjekt gjennom foreininga LIV på NES og i samarbeid med kurator Amanda Crabtree frå ArtConnexion. ArtConnexkon er basert i Lille, Frankrike, og arbeidar med New Patrons-metoden. Prosjektet "Views" på Nesflaten av den danske kunstnaren Jeppe Hein, er det første større New Patrons-prosjektet i Noreg. Jeppe Hein besøkte Nesflaten i 2014 for å bli kjent med staden og historia, møta bygdafolket til dialog og lytta til dei lokale sine tankar og behov. Han utforma i etterkant eit verk for bygda. Seinare vart Snøhetta knytt til prosjektet.

 

LOKASJON

 
 
 
 
 
 
inngangsparti.jpg
 
 
logoar samla.jpg
 
FDF_Siege_Quadri3.jpg