Om Nesflaten
Nesflaten er ei bygd i Suldal kommune i Rogaland. Lokalt blir bygda kalla Nes. Nesflaten ligg på nordsida av og nesten inst ved Suldalsvatnet. Brattlandsdalen med elva Brattlandsåa har utløp på Nesflaten; ved utløpet av Suldalsvatnet blir elva kalla Lågen.
På Nesflaten ligg Nesflaten skule, som er ein kombinert barne- og ungdomsskule, der Suldal bibliotek har ein filial. Nesflaten skule har om lag 25 elevar. Like ved skulen ligg Nesflaten barnehage. Nesflaten skule er om lag 50 år gammal.
Nesflaten hadde ein oppgangsperiode under kraftutbygginga av Røldal–Suldal på 1960-talet; ein kan sjå resultatet av dette ved nokre av dei spesielle husa som vart bygde på Nes i denne perioden. Arkitekt Geir Grung teikna bustadfeltet og bygg for kraftanlegget Suldal I kraftverk i funkisstil. Kraftverksbygget blir rekna som eit kulturminne.
Nesflaten har daglegvarebutikk, gåvebutikk/nettbutikk, eventarrangør og hotell. Nesflaten kapell er frå 1853.