VIEWS

 
 

Om prosjektet Views

Views transformerer Sentrumsbygget på Nesflaten i Suldal til eit innovasjons-og opplevingssenter for kraftindustrien – ein attraktiv turistattraksjon til glede og nytte for bygda, kommunen og heile regionen.

Fleire utsiktspunkt på tak med fakta og formidling om:

• Beiteland, reinsdyr

• Natur, nedslagsfelt og vasskraft

• Bygda og arbeidsplassar

• Arkitektur

Opplevingssenter med interaktiv formidling og utstilling

Views er utforma av kunstnaren Jeppe Hein og er eit New Patrons-prosjekt. Arkitektkontoret Snøhetta er engasjert i omforming av bygget.

Innovasjons- og opplevingssenteret er godt forankra i Nesflaten og Suldal sin identitet og historie. Suldal er ein kraftkommune og Nesflaten er ei vasskraftbygd. Sidan 60-talet har kraft frå Nesflaten vore nytta i Hydro sin aluminiumsproduksjon på Karmøy. Byggematerialet vil derfor mellom anna bestå av aluminium. Museumsfaglege samarbeid skal sikra kvalitet og gode undervisningsopplegg tilpassa ulike målgrupper. Prosjektet vil gi kraftindustrien ei ramme for formidling og presentasjon.

Norconsult sitt anslag for besøkande er 15.000 – 37.000 pr. år.

Prosjektet er i regi av Liv på Nes, som arbeidar for å skapa ei positiv utvikling i Øvre Suldal.